eFaktura - ny ordning med «Ja takk til alle»
Endringa blir gjort for at det skal bli enklare for deg å betale rekningene dine. Med ein generell aksept vil du heretter motta eFaktura frå fyrste rekning frå bedrifter som tilbyr eFaktura. Det betyr at du ikkje lenger må inn i nettbanken for å melde deg på mot dei enkelte bedriftene.
Dersom det er enkeltbedrifter du ikkje ynskjer å motta eFaktura frå kan du enkelt reservere deg i nettbanken.
NB! Enkeltmannsforetak som tidlegare fekk eFaktura i nettbanken vil IKKJE få dette etter overgang til eFaktura 2.0. Dette fordi næringskundar er registrert med org. nr. i kunderegisteret og i nettbanken er kunden registrert på fødselsnummer.
Alternativ for desse er faktura på
* epost
* EHF (må vera registrert i Elma-registeret
* faktura i posten (fakturagebyr kr 49 pr. faktura)
Ta kontakt med oss, så får vi lagt inn ny forsendelsesmåte på faktura. Høyrer vi ikkje noko, vil faktura bli sendt i posten. Det blir ikkje fakturagebyr på fyrste faktura.