Gebyr på papirfaktura

12.07.2017
Frå 1. september 2017 innfører vi gebyr på faktura vi må sende i posten. Gebyret er kr 50 pr. faktura. Du kan unngå gebyr og i staden få rabatt dersom du inngår avtale om eFaktura eller ordnar faktura tilsendt på e-post. Rabatten er for tida kr 200 pr. år pr. abonnement.

 

Vi ynskjer at flest mogleg av kundane våre skal motta faktura elektronisk. Det har fleire gonger vore sendt informasjon om elektronisk faktura, men det er fortsatt eit stort antal som har papirfaktura.

Du kan unngå gebyr og i staden få rabatt dersom du inngår avtale om eFaktura eller ordnar faktura tilsendt på e-post.

Rabatten er for tida kr 200 pr. år pr. abonnement.

 

 

 

eFaktura

Strømrekninga kjem rett i nettbanken din. Du slepp å taste KIDnr. og beløp, det einaste du treng å gjere er å godkjenne eFakturaen. Du kan sjølv ordne eFaktura i nettbanken. eFakturareferanse finn du på strømrekninga. Dersom du har fleire abonnement, må du inngå avtale for kvart enkelt abonnement med kvar sin referanse.

NB! Når du har eFaktura vi ha e-postadressa di. Den vil bli brukt når vi skal ha kontakt med deg eller det blir sendt ut informasjon frå e-verket. Det er ikkje nok at du skriv inn e-postadressa di i nettbanken når du ordnar avtale (den går berre til Nets). E-postadresse kan du registrere på www.skenkraft.no (Din Side og kundeprofil).

 

 

 

 

e-post faktura

Strømrekninga blir sendt til e-posten din og du betaler rekninga på vanleg måte i nettbanken. e-postFaktura kan du ordne sjølv ved å gå inn på www.skenkraft.no

Din Side.

Logg inn med kundenr og målarnr (står på strømrekninga). Under kundeprofil kan du ajourføre kundeopplysningar og bestille faktura på e-post. Har du fleire abonnement, må du bestille for kvart enkelt abonnement. Dersom du ynskjer avtalegiro i kombinasjon med e-postFaktura ordnar du dette i nettbanken din.  

 

 

 

 

EHF

Faktura i EHF-format er for næringsdrivande og offentlege føretak. Faktura blir sendt direkte til kunden sitt rekneskapsystem. EHF er for bedrifter som er registrert som mottakar i ELMA-registeret. Ta kontakt med oss på firmapost@sken.no dersom dette er aktuelt for bedrifta.

 

 

 

Avtalegiro

Avtalegiro er direkte trekk av konto. Kunden må sjølv inngå avtale om Avtalegiro i nettbanken eller ta kontakt med banken. Kunden kan be om å bli varsla frå banken i forkant av betaling. Referanse for Avtalegiro finn du på strømrekninga. Du får ikkje rabatt dersom du kun har Avtalegiro. Avtalegiro kan kombinerast med eFaktura og e-postFaktura.