Aursjokraft - 100% rein vasskraft frå Skjåk Energi

01.06.2017
Visste du at nesten 90 % av energien som bedrifta di nyttar kan kome frå energikjelder som er skadelege for miljøet? Ved å bestille Aursjokraft med opphavsgaranti er du sikra 100 % rein vasskraft frå Skjåk.

 

Det er utruleg, men heilt sant. Sjølv om du trur at du får strøm frå miljøvenlege kjelder, er det ikkje sikkert at meir enn 12 % av strømmen kjem frå fornybare kjelder.

Det betyr at heile 88 % av energien som blir brukt til å drive datamaskinene på kontoret ditt, mjølkeroboten i fjøset, eller maskinene i verkstaden din, kan kome frå fossil energi eller kjernekraft.

Konsekvensane for miljøet ved å nytte strøm utan opphavsgaranti kan vera enorme.

Vi kostar på oss eit lite døme. Dersom bedrifta di har eit årleg energiforbruk på 100 000 kWh, kan du bidra til eit klimagassutslepp på nesten 51 000 kilo.

Dersom du i staden nyttar vasskraft med opphavsgaranti, er det totale klimagassutsleppet på berre 30 kilo.

Ta ein prat med Skjåk Energi om Aursjokraft i dag, slik at vi kan hjelpe deg til å spare miljøet.

Brosjyre Aursjokraft