Faktura og betaling

Energiforbruket vert avrekna etterskotsvis i samsvar med faktisk forbruk, ut i frå måleverdiar levert av nettselskap. Skjåk Energi Kraft sender ut strømrekningar til forbrukarkundar 6 gonger pr. år, dvs. kvar 2. månad. Hytte/fritidsbustadar og næringskundar får rekningar kvartalsvis. Det er også mogleg å få rekning kvar månad. Dei kundane som ønskjer det, må ta kontakt med oss på post@skenkraft.no eller på telefon 612 13 810.

Frå 1. september 2017 innfører vi gebyr på faktura vi må sende i posten. Gebyret er kr 50 pr. faktura. Du kan unngå gebyr og i staden få rabatt dersom du inngår avtale om eFaktura eller ordnar faktura tilsendt på e-post. Rabatten er for tida kr 200 pr. år pr. abonnement.

 

Med eFaktura kjem strømrekninga rett i nettbanken din. Du slepp å taste KIDnr og beløp, det einaste du treng og gjere er å godkjenne eFakturaen. Du ordnar eFaktura i din nettbank og eFakturareferansen finn du på strømrekninga. Har du fleire abonnement, må du inngå avtale for kvart enkelt abonnement med kvar si referanse. Når du har e-Fakturavi ha e-postadressa di. Den kan du registrere ved å logge inn på DIN SIDE øverst til høgre i menyen. Les meir om fordelane og korleis du kjem i gang med eFaktura.

Med e-postfaktura vert strømrekninga sendt til e-posten din og du betaler rekninga på vanleg måte i nettbanken. e-postfaktura kan du ordne sjølv ved å logge inn på din side. Logg inn med kundenr og målarnr (står på strømrekninga). Under kundeprofil kan du ajourføre kundeopplysningar, samt bestille faktura på e- post. Dersom du ønskjer avtalegiro i kombinasjon med e-postFaktura ordnar du dette i nettbanken din.  

 

Dersom du ønskjer avtalegiro på strømrekninga ordnar du dette i nettbanken din. Referanse for avtalegiro finn du på strømrekninga.

 

NÆRINGSKUNDAR

For næringskundar kan vi tilby e-postfaktura og EHF-faktura.

Med e-postfaktura blir strømrekninga sendt til e-posten og dykk betaler rekninga på vanleg måte i nettbanken. E-postfaktura kan dykk ordne sjølv ved å logge inn på din side. Logg inn med kundenr og målarnr (står på strømrekninga). Under kundeprofil kan du ajourføre kundeopplysningar, samt bestille faktura på e- post. Eller ta kontakt, så ordnar vi e-postfaktura for dykk.

 

EHF (Elektronisk Handelsformat) vert brukt av statlege, kommunar og private verksemder for mottak av rekningar. Ein EHF-faktura er ein elektronisk faktura som vert sendt direkte frå økonomisystemet til avsender til økonomisystemet til mottakar. For å kunne motta EHF-faktura må ein ha eit økonomisystem som kan motta og behandle faktura på Elektronisk handelsformat (EHF) og registrere seg som mottakar i ELMA-registeret. Les meir på Difis fagsider om offentlige anskaffelser.

Ta kontakt med oss, dersom du ønskjer å motta strømrekninga di i EHF-format.