Elsertifikat

Elsertifikat er ei felles norsk-svensk økonomisk støtteordning som skal bidra til auka fornybar kraftproduksjon frå f.eks. vatn, vind og bioenergi. Ordninga fungerer i praksis ved at stønaden til utbygging vert krevd inn gjennom strømfakturaen frå kraftleverandørane.

 

ØKONOMISK STØTTEORDNING

Elsertifikat er ei økonomisk støtteordning som gjer det meir lønsamt å investere i kraftproduksjon basert på fornybare energikjelder, som vatn, vind, sol og bioenergi. Elsertifikat vert også omtala som grøne sertifikat. Ordninga er regulert i Lov om elsertifikat og Forskrift om elsertifikat.

Frå 1. januar 2012 vart Noreg ein del av ein norsk-svensk elsertifikatmarknad som skal bidra til auka produksjon av fornybar kraft. Fram til 2020 skal Sverige og Norge auke kraftproduksjonen basert på fornybare energikjelder med 28,4 TWh. Detet svarar til strømforbruket til meir enn halvparten av alle norske hushaldningar. Samarbeidet vil vare fram til utgangen av år 2035.

NVE

NVE er ansvarleg for å forvalte og føre tilsyn med elsertifikatordninga i Noreg.  Les meir om elsertifikatordninga på NVE sine nettsider.  

STATNETT

Elsertifikatane eksisterer berre i eit elektronisk register. Statnett er ansvarleg for drifta av det elektroniske elsertifikatregisteret i Noreg (NECS). I elsertifikatregisteret finn ein bl.a. oversikt over kor mange elsertifikat som er utstedt. 

KVEN KAN FÅ ELSERTIFIKAT?

Kraftprodusentar som byggjer ut ny fornybar kraftproduksjon får tildelt elsertifikat i inntil 15 år. Desse får eit elsertifikat per megawattime elektrisitet som vert produsert. Elsertifikatordninga er teknologinøytral, dvs. at ordninga er lik for all ny kraftproduksjon basert på fornybare energikjelder, som for eksempel vatn, vind og bioenergi.

Kraftprodusentar som får tildelt elsertifikat kan selje dei, og på den måten får kraftprodusentar som etablerer ny fornybar kraftproduksjon ei inntekt gjennom sal av elsertifikat, i tillegg til den inntekta dei får gjennom sal av kraft. Elsertifikatane skal på denne måten bidra til å gjere det lønsamt å byggje ut ny fornybar kraftproduksjon. Elsertifikatordninga er ein marknadsbasert støtteordning og prisen på elsertifikat vert bestemt av tilbod og etterspørsel i elsertifikatmarknaden, altså dei som kjøper og sel elsertifikat.

KVEN MÅ KJØPE ELSERTIFIKAT?

Alle kraftleverandørar og visse forbrukarar med eigen kraftskaffing må kjøpe elsertifikat. Kraftleverandørane kjøper elsertifikat på vegne av sine kundar. Kor mange elsertifikat desse må kjøpe vert bestemt av den årlege elsertifikatplikten. Elsertifikatplikten er gjeve som ein del av kraftforbruket  – 3 prosent i 2012, 4,9 prosent i 2013 og 6,9 prosent i 2014. Andelen aukar fram mot 2020 til om lag 18 prosent, før den vert redusert mot 2035 og ordninga vert avslutta. Alle sluttbrukarar som betaler elavgift er med på å betale for elsertifikatordninga. Hushaldningane er på denne måten med å bidra til fornybarutbygginga gjennom strømrekninga. Elsertifikat og tilhøyrande administrative meirkostnadar for kraftleverandøren er inkludert i kraftprisen.