Avtalevilkår

Opplysningar frå bestillingsskjema vert nytta vidare i vårt kundesystem.

FOR PRIVATKUNDAR

Generelt gjeld føresetnadar i KS Bedrift sin Standard kraftleveringsavtale for privatkundar og kontraktsvilkår mellom kunde og Skjåk Energi Kraft for levering av kraft.

1. På bakgrunn av bestilling kan Skjåk Energi Kraft seie opp eventuell avtale med nåverande kraftleverandør. Bytte av kraftleverandør skjer vanlegvis 14 dagar etter at Skjåk Energi Kraft har motteke bestillinga, forutsatt at korrekt data er opplyst frå kunde. Bytte av kraftleverandør skjer i tråd med NVE sine reglar om leverandørbytte.

2. Skjåk Energi Kraft atterhald seg retten til å kunne avslå kontraktar dersom det er sakleg grunn for dette.

3. Skjåk Energi Kraft tek atterhald om endringar i offentlege avgifter, samt eventuelt andre endringar av rammevilkår.

4. Skjåk Energi Kraft informerer om prisendringar 14 dagar før dei trer i kraft, dette vil bli annonsert på vår heimeside og i lokalavisa.

5. Etter angrerettlova har private forbrukarar 14 dagar angrefrist ved kjøp av kraft, sjå nedanfor for meir informasjon.

6. Energiforbruket vert avrekna på etterskot i samsvar med faktisk forbruk, ut i frå målarverdiar levert av nettselskapet.

7. Standard variabel pris er 47.19 øre/kWh inkludert meirverdiavgift og elsertifikat.

8. Hushaldningskundar med to månads faktura har 20 dagar betalingsfrist og 14 dagar på månadsfaktura. Hyttekundar med kvarttalsrekning har 20 dagar betalingsfrist.

9. Det er ingen bindingstid eller gebyr ved oppseiing av avtala.

10. Skjåk Energi Kraft har konsesjon og leverar kraft i Skjåk kommune.

11. Kraft frå Skjåk Energi Kraft vert fakturert saman med nettleiga, som kjem i tillegg.

12. Avtala gjeld til den vert oppsagt, med 14 dagar varsel.

ANGRERETT

Du, som privatkunde, har rett til å gå ifrå denne avtalen i løpet av 14 dagar utan å grunngi dette. Angrefristen går ut 14 dagar etter at avtalen vart inngått. For å kunne bruke angreretten må du opplyse oss

Skjåk Energi Kraft, Moavegen 28A, 2690 SKJÅK

Tlf.: 612 13 800, e-post: post@skenkraft.no

på ein eintydig måte om at du vel å gå ifrå avtalen (t.d. i eit brev sendt i posten eller e-post). Du kan bruke angreskjemaet, men det er ikkje obligatorisk. For å overhalde angrefristen er det nok at du sender meldinga om at du vil bruke angreretten før angrefristen går ut.

VERKNADANE AV Å BRUKE ANGRERETTEN

Dersom du går ifrå avtalen, skal vi betale tilbake alle betalingar vi har fått frå deg, medrekna leveringskostnadane (med unntak av tilleggskostnader som følgjer av at du har valt ein annan type levering enn den billegaste typen standardlevering vi tilbyr), utan unødig opphald og i alle tilfelle seinast 14 dagar etter den dagen vi fekk melding om at du ville gå ifrå avtalen. Vi gjennomfører tilbakebetalinga med same betalingsmiddel som du brukte ved den opphavlege transaksjonen, med mindre du uttrykkjeleg har avtala noko anna med oss. I alle tilfelle vil det ikkje kome noko gebyr som følgje av tilbakebetalinga. Dersom du har bede om at utføringa av tenesten (levering av elektrisitet) skal ta til før angrefristen går ut, skal du betale oss eit beløp som står i forhold til det som er utført eller levert fram til du gav oss melding om at du ville gå ifrå avtalen, samanlikna med full oppfylling av avtalen.

Angreskjema finn du her.

 

NÆRINGSKUNDAR

Avtalevilkår for næringskundar finn du her.