Kraftleverandør og nettselskap

Som strømkunde betalar du for elektrisitet til to forskjellige aktørar: din kraftleverandør og ditt nettselskap. Til kraftleverandøren, som du sjølv vel, betalar du for ditt faktiske forbruk av kraft. Til nettselskapet betalar du nettleige. Dette dekkjer frakt av strømmen via strømnettet inn til huset der du bur. Nettselskap og kraftleverandørar kan samarbeide, slik at nettleige og kraft vert fakturert i éin og same rekning.

På NVE sine nettsider kan du lese meir om kraftmarknaden.

 

KRAFTLEVERANDØR

Kraftleverandørar er selskap du kjøper kraft frå. Du kan fritt velje mellom mange kraftleverandørar, som tilbyr forskjellige avtalar og prisar. Kraftleverandøren kan enten produsere krafta sjølv, kjøpe inn kraft på kraftbørsen eller direkte frå andre kraftprodusentar som leverer den inn på nettet.

NETTSELSKAP

Nettselskap er lokale og har ansvar for kvart sitt område i Noreg. Du kan ikkje velje nettselskap, men må bruke selskapet som eig nettet der du bur. Nettselskapa eig, byggjer og drifter det lokale strømnettet (distribusjonsnettet) som fraktar strømmen heilt fram til ditt hus. For dette betalar du nettleige. Nettleiga er delt i ein fast del og ein variabel del som avheng av kor mykje strøm du brukar.

Nettselskapa har monopol på å selje nettenester i eit område, og vert regulert av Norges Vassdrags og energidirektorat (NVE). NVE skal overvake at nettselskapa ikkje tek for høg nettleige, og at alle aktørane i marknaden opererer i samsvar med dei lover og forskrifter som gjeld.

Før kraftmarknaden vart liberalisert var energiselskap og nettselskap ofte eit felles selskap, som både produserte, frakta og selde strøm til sine område. Forbrukarane kunne ikkje velje kven dei ville kjøpe strøm frå. På grunn av dette er gjerne kraftleverandørar, produsentar og nettselskap ein del av same konsern, og dotterselskap under eit større moderselskap. For at ikkje kraftleverandørar eller -produsentar med nær tilknyting til eit nettselskap skal få fordelar framfor andre kraftleverandørar og -produsentar, må nettselskapet følgje strenge reglar om nøytral framsyning.

Nettselskapet må handsame sine nettkundar ”nøytralt”. Eit viktig vilkår for ein fri marknad er at overføringsnettet vert stilt til disposisjon for alle brukarar på eit ”likt-for-alle” vilkår. Alle ”like kundar” skal bli handsama likt. Dette betyr mellom anna at du kan velje kva for kraftleverandør du vil, utan at det skal ha noen innverknad på nettleiga.

KRAFTAVTALAR

Kraftleverandørane kan tilby mange ulike avtalar for kjøp av kraft, men dei fleste er enten fastpris-, spotpris- eller variabelprisavtalar.

  • Med ei fastprisavtale betalar du ein fast pris per eining med strøm. Prisen vert fastsett for ei viss periode av gangen, for eksempel for eitt eller tre år, noe som skapar føreseielegheit.
  • I marknadskraft-/spotprisavtalar varierer prisen du betaler med marknadsprisen på den nordiske kraftbørsen Nord Pool Spot.
  • I ei variabelprisavtale er prisen fastsett for ein kort periode av gangen. Denne ”fastsette” prisen varierer for å følgje marknadsprisen.

Spotprisen for kraft vert sett av marknaden og bestemt av etterspørsel og tilbod/produksjon. Marknadsplassen for kraft i Noreg og Norden er Nord Pool Spot. Noreg er knytt til den nordiske og europeiske kraftmarknaden gjennom overføringsleidningar til Sverige, Danmark, Tyskland og Nederland. Prisane her vert derfor også påverka av tilbodet og etterspørselen i Norden og på kontinentet.