KRAV OM INNHENTING AV FØDSELSNUMMER

NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) har pålagt alle nettselskap og kraftleverandørar å innhente fødselsnummer for alle nett- og kraftkundar. Fødselsnummeret skal brukast for å eintydig identifisere kunden og ivareta personvernet i Elhub, den nye nasjonale løysinga for informasjonsutveksling i strømmarknaden. Fødselsnummeret vil bli henta inn automatisk frå Folkeregisteret. Samstundes vil vi oppdatere vårt kunderegister med fullt namn og adresse i samsvar med Folkeregisteret.

For næringsdrivande vert organisasjonsnummer kjørt mot Brønnøysundregistrene og vi vil oppdatere vårt kunderegister med namn og adresse i samsvar med det som er registrert på firmaet i Brønnøysund. Les meir om Elhub her.

 

Ladestasjon - elbil

Siste lademoglegheit før fjellet!

Skjåk var tidleg ute med ladestasjon og ligg strategisk sett fint til som siste lademoglegheit før fjellet på Rv 15 mellom Skjåk og Stryn. Vi håper at dette kan vere ein bidragsytar for ei styrka sentrumsutvikling i Bismo. Det vil i framtida vere eit stort behov for alternative energikjelder til framkomstmiddel som reduserer klimautslepp. I Skjåk har vi nå gjort det mogleg å kjøre klimavennleg med elektrisk kraft over fjellet mellom aust og vest. 

Grønn Kontakt er ein nasjonal operatør og utbyggjar av ladenettverk for alle ladbare bilar.

 

 

Sjekk forbruket

Med eit tastetrykk kan du sjølv sjekke forbruket ditt til ein kvar tid.  

 

 

 

 

Ved å trykke på knappen midt på strømmålaren vil det kome opp informasjon i displayet. Fyrst ein displaytest, der alle segmentane i displayet lyser, så kjem klokkeslett og totalforbruk. Deretter kjem øyeblikkseffekten opp. Den viser kor mykje KiloWatt som er i bruk på det tidspunktet du trykker inn knappen. Da kan du sjølv sjekke kva som dreg strøm og kor mykje strøm du brukar til einkvar tid. Etter øyeblikkseffekten kjem timeteller, trippteller og målarnummer opp på displayet.

Dersom du tykkjer at strømforbruket ditt er for høgt, kan du sjekke om varmekablar og/eller varmeomnar står på. Vi brukar mest strøm til oppvarming av bustad samt varmtvatn. Oppvarmingskjelder står på døgnet rundt, mens f.eks. komfyren vert brukt færre timar (sjølv om den har eit høgt forbruk når den er i bruk). Ellers går det strøm til belysning og elektriske artiklar. Komfyr, oppvaskmaskin, vaskemaskin og tørketrommel er av dei elektriske artiklane som dreg mykje strøm.

På din side kan du administrere ditt kundeforhold hjå oss, finne fakturaer og fylje med på strømforbruket. Dine verdiar vert henta inn og registrert kvar natt, det vil si at du får sett dagens forbruk i morgon. Logg inn på DIN SIDE med kundenummer og målarnummer, dette finn du på strømrekningane.